[T] >  [Taake Şarkı Sözleri] > Dei Vil Alltid Klaga Og Kyta Şarkı Sözü
Sponsored Links

Taake - Dei Vil Alltid Klaga Og Kyta

Albüm Adı:Noregs Vaapen
Gönderen:Caesar
Düzelten:Caesar
Eklendi:
Yeni Şarkı Eklemek İçin Tıklayın Şarkı Ekle      Hata DüzeltHata Düzelt
Dei vil alltid klaga og kyta,
at me ganga so seint og so smaatt;
men eg tenkjer, dei tarv ikkje syta:
me skal koma, um inkje so braadt.

Ja, det skyt ikkje fram, so det dunar
(som no ingen kann undrast uppaa);
men det munar daa jamt, ja det munar,
so det stundom er Hugnad aa sjaa.

Lat det ganga fram, lat det siga!
Berre eitt eg ynskjer og bed: at me inkje so høgt maatte stiga,
at me gløyma vaar Fedra-Sed.

Lat oss inkje Forfederne gløyma,
under alt, som me venda og snu;
for dei gav oss ein Arv til aa gøyma,
han er større, en mange vil tru.

Lat det merkast i meir en i Ordi,
at me halda den Arven i Stand,
at naar Federne sjaa att paa Jordi,
dei kann kjenna sitt Folk og sitt Land.
© 2003-2024 www.alternatifim.com/ Her Hakkı Saklıdır.